Byggmester Stølsvik

Byggmester Stølsvik Byggmester Stølsvik AS er ei allsidig tømrarbedrift som held til i Førde sentrum.

Eigen bustad frå ca. 2,0 millionar kroner.🤎Har du tenkt at bustaddraumen må vente?Med SmartStart ønskjer vi å gjere vege...
09/07/2026

Eigen bustad frå ca. 2,0 millionar kroner.🤎

Har du tenkt at bustaddraumen må vente?

Med SmartStart ønskjer vi å gjere vegen inn på bustadmarknaden litt enklare. 🌞Leilegheitene er utvikla spesielt for førstegongskjøparar, med smarte planløysingar som utnyttar kvar kvadratmeter godt. Resultatet er ein funksjonell bustad til ein meir oppnåeleg pris. 💸

I staden for å betale husleige til nokon andre, kan du investere i din eigen bustad og byggje eigenkapital over tid. SmartStart kan vere det første steget på bustadreisa – og springbrettet vidare når behova endrar seg.

Nokre av leilegheitene har også eit ekstra uteområde med eksklusiv bruksrett, slik at du får ein lun plass rett utanfor døra di.

✔️Pris frå 2,0 mill.*
✔️ Smarte og arealeffektive planløysingar
✔️ Lågare terskel inn på bustadmarknaden
✔️ Bygg eigenkapital i staden for å betale husleige

Ta kontakt med oss for informasjon om ledige SmartStart-leilegheiter, eller besøk vår heimeside her: https://www.stolsvik.no/smedstad/

*Pris varierer mellom 2-2,410. millionar kroner.
Reklame

07/07/2026

Har du gått rundt med eit byggeprosjekt i tankane, men ikkje gjort dei til verkelegheit endå? Vi hjelper deg frå teikning til realitet. 🖊️🏠

Ta kontakt for ein uforpliktande prat 🌞

Bergen tek grep – bør Sunnfjord gjere det same? 🤔I Bergen legg byrådet no fram omfattande endringar i kommuneplanen for ...
01/07/2026

Bergen tek grep – bør Sunnfjord gjere det same? 🤔

I Bergen legg byrådet no fram omfattande endringar i kommuneplanen for å gjere det enklare, raskare og rimelegare å byggje bustader. Målet er klart: redusere unødvendig byråkrati, fjerne lokale krav som går lenger enn nasjonale krav, og leggje til rette for fleire bustader folk faktisk har råd til å kjøpe.

Det er ein debatt vi meiner Sunnfjord kommune også bør ta.

Bustadmarknaden har endra seg. Fleire ønskjer mindre og meir lettstelte leilegheiter – førstegongskjøparar, einslege og eldre som vil flytte frå einebustaden. Likevel er mykje av planverket framleis tilpassa ein annan bustadmarknad enn den vi ser i dag.

Eit godt døme er kravet til uteopphaldsareal. I dag utløyser ei lita leilegheit på under 50 m² det same kravet til felles uteopphaldsareal som ei stor familieleilegheit. Det betyr i praksis at kvar ny bueining må ha 50 m² felles uteopphaldsareal, uavhengig av storleik og målgruppe.

Konsekvensen er at gode prosjekt blir dyrare å gjennomføre, færre mindre bustader blir bygde, og bustadprisane blir høgare enn dei treng å vere.

Dette handlar ikkje om å redusere kvalitet. Det handlar om å skape eit planverk som er tilpassa dagens behov og som gjer det mogleg å realisere gode prosjekt utan unødvendige kostnader og tidkrevjande prosessar.

Vi ønskjer at Sunnfjord kommune tek initiativ til å gjennomgå kommuneplanen og uteopphaldsnorma, slik Bergen no gjer. Målet må vere eit meir moderne og fleksibelt regelverk som gjer det enklare å byggje gode, attraktive og prisgunstige bustader – utan å gå på kompromiss med kvaliteten.

Skal vi lukkast med å få fleire inn på bustadmarknaden, må også planverket utvikle seg i takt med samfunnet.

Kva meiner du – er tida inne for at Sunnfjord tek den same debatten?

Les innlegget i linken under:

https://eavis.ba.no/titles/ba_no/987/publications/8370/pages/14

Tilsvar til artikkel om Smedstad-prosjektet publisert i dag.Vi opplever at hovudpoenget vårt ikkje kjem tydeleg nok fram...
22/06/2026

Tilsvar til artikkel om Smedstad-prosjektet publisert i dag.

Vi opplever at hovudpoenget vårt ikkje kjem tydeleg nok fram i artikkelen. Dette handlar ikkje først og fremst om å få gjennomført ei enkelt reguleringsendring på Smedstad. Det handlar om korleis dagens planverk møter den marknaden vi faktisk står i.

Dei siste åra har vi sett ei markant endring i bustadmarknaden. Høgare renter, strengare utlånspraksis og auka byggekostnader har ført til at mange ikkje lenger har økonomi til å kjøpe dei bustadtypane som var etterspurde då reguleringsplanar og arealnormer vart utforma.

På Smedstad er erfaringa vår tydeleg. Dei større leilegheitene til rundt fem millionar kroner har vist seg krevjande å selje, medan interessa for mindre og meir prisgunstige leilegheiter er vesentleg større. Vi forsøker difor å tilpasse prosjektet til den etterspurnaden som er i marknaden.

Det er nettopp her vi meiner dagens arealplan begrensar bustadutviklinga. Når ei leilegheit på under 50 m² skal utløyse krav om 50 m² uteopphaldsareal per bueining, meiner vi det er grunn til å stille spørsmål ved om kravet står i forhold til bustadtypen og målgruppa. Ei 25 m² leilegheit er ikkje retta mot småbarnsfamiliar, men mot førstegongskjøparar, einslege, studentar, pendlarar og pensjonistar.

Dagens arealplan frå juni 2024 framstår etter vårt syn som for lite fleksibel sett opp mot dei store svingingane vi opplever i nybyggmarknaden. For å sikre at bustadutvikling kan tilpassast endra marknadsforhold, er vi avhengige av eit planverk som opnar for nødvendige tilpassingar innanfor klare rammer.

Vi meiner ikkje at kvalitetar som uteopphaldsareal og gode bumiljø skal fjernast. Men det må vere mogleg å diskutere om dei same krava skal gjelde likt for alle bustadtypar, uavhengig av storleik, målgruppe og lokalisering.

Før vi sette i verk omteikningane av prosjektet var vi i dialog med kommunen og blei godt imøtekomne med gode råd og rettleiing om korleis dette kunne gjennomførast. Difor meiner vi det er uheldig at Statsforvaltaren legg opp til ei så restriktiv tolking av saka. Kommunen kjenner dei lokale forholda, bustadbehova og marknaden best, og bør ha eit reelt handlingsrom til å forvalte eigne planar og vurdere løysingar som kan bidra til å realisere bustadprosjekt. Når lokale faglege vurderingar og politiske mål om bustadbygging vert overstyrte av rigide krav som ikkje tek omsyn til marknadssituasjonen, risikerer vi at nødvendige prosjekt stoppar opp utan at det nødvendigvis gir betre bustadkvalitetar.

Dersom Sunnfjord kommune ønskjer å leggje til rette for bustadbygging også i periodar med krevjande marknadsforhold, bør politikarane vurdere om arealplanen gir tilstrekkeleg fleksibilitet til å møte behova i marknaden. Utan slik fleksibilitet risikerer vi at prosjekt vert utsette, nedskalerte eller ikkje realiserte i det heile.

Målet må vere å sikre at det faktisk blir bygd bustader folk har råd til å kjøpe.

19/06/2026

Vi er stolt medlem av Byggmesterforbundet! Ta kontakt for uforpliktende befaring og tilbud. 👷‍♂️

16/06/2026

Vi nyter å endelig få litt sol og gode sommartemperaturar her i Førde. ☀️
Mange har nok brukt tida på å gjort det fint og koseleg på uteområda sine.
På Smedstad har ein store overbygde balkongar slik at ein kan dra nytte av uteplassen sin uansett kva Vestlandsværet måtte bringe 🌞🌧️☔🌈
Kva bør ein god uteplass for deg innehalde?

Reklame

På mandag fylte Gjermund Botnen 50år 🥳🎈🎉 På grunn av oppdrag litt lenger vekke, fekk vi ikkje feira han på sjølve dagen....
11/06/2026

På mandag fylte Gjermund Botnen 50år 🥳🎈🎉 På grunn av oppdrag litt lenger vekke, fekk vi ikkje feira han på sjølve dagen. Men i dag hadde vi basmøte og fekk gjort litt stas på han og feira med kaffi og kake🎂

Det var ein blid gjeng som satt på møterommet, og Stine trua med å ta ein Olga Marie Mikalsen allsang, men blei heldigvis stoppa i siste sekund. 🤭

Vi håpar sjølve dagen likevel var super og at du blei gjort skikkeleg stas på av dei næraste rundt deg🥳🤩 hipp hipp for Gjermund 🎉🎉

05/06/2026

Eit første steg inn på bustadmarknaden treng ikkje koste meir enn å leige. 💰☺️

Reklame

Straks klar for innflytting – sjå kor flott leilegheita kan bli 🤎På Smedstad har vi no berre to leilegheiter att for sal...
31/05/2026

Straks klar for innflytting – sjå kor flott leilegheita kan bli 🤎

På Smedstad har vi no berre to leilegheiter att for sal i byggetrinn 1.

Leilegheit 15 er nesten ferdig, og ved sal kan ho vere klar for innflytting innan om lag to veker. Det einaste som manglar er montering av sanitærutstyr på badet. 💦

For å vise potensialet har vi visualisert leilegheita med møblering. Resultatet er ein lys og moderne heim med store vindauge, gode opphaldsrom og ei lun atmosfære som gjer det lett å sjå for seg kvardagen. 💫

Den romslege 3-roms leilegheita på 72 m² BRA-i passar perfekt for deg som ønskjer ein enklare og meir lettstelt kvardag, utan å gi avkall på komfort og kvalitet.

Smedstad kombinerer det mange ser etter – sentral plassering i trygge og familievennlege omgjevnader, samtidig som du har naturen like i nærleiken. Her får du kort veg til butikkar, servicetilbod og aktivitetar, med turmoglegheiter rett utanfor døra. 🌿

✨71.5 m² BRA-i
✨Heis i bygget
✨Ny og moderne standard
✨Lettstelt kvardag
✨To gjesteleilegheiter for familie og besøkande
✨Fleire flotte felles uteområde
✨Klar for innflytting innan om lag to veker

Berre to leilegheiter står att på Smedstad i byggetrinn 1.

Ta kontakt for visning. 📞

Bileta er digitalt møblert for å vise mogleg innreiing og kan avvike frå faktiske forhold.

Reklame - Smedstad

31/05/2026

Adresse

Flatene 1, 6814 Førde
Førde
6819

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4757829050

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Byggmester Stølsvik legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Byggmester Stølsvik:

Snarveier

Del