Sunnhordland kraftlag As

Sunnhordland kraftlag As SKL produserer rein og fornybar vasskraft. Me er den tiande største vasskraftprodusenten i Noreg.

Før helga bestod våre to lærlingar, Tobias Berge Soldal og , fagprøva som energimontørar. Me er stolte av dykk - GRATULE...
31/03/2026

Før helga bestod våre to lærlingar, Tobias Berge Soldal og , fagprøva som energimontørar.

Me er stolte av dykk - GRATULERER! 🎉🌟🥳

🐰🐣 GOD PÅSKE! 🐣🐰Her er ei viktig påminning til dykk som oppheld seg i fjella i påska:Ver aktsame! Sjølv om det ikkje er ...
30/03/2026

🐰🐣 GOD PÅSKE! 🐣🐰

Her er ei viktig påminning til dykk som oppheld seg i fjella i påska:

Ver aktsame! Sjølv om det ikkje er spesielt mykje snø i år, er det viktig å hugsa at på regulerte elver og vatn er det alltid fare for ope vatn og utrygg is.

🗻 I Fjellhaug- og Blådalsområdet i Kvinnherad og Etne
- åtvarar me særskilt mot ferdsel på følgande vatn: Fjellhaugvatnet, Staffi - Jamtelandsvatnet, Nesjastølsvatnet, Svartatjørn, Brandvikvatnet, Nedre Vetrhusvatn, Blådalsvatnet, Midtbotnvatnet og Møsevatnet i Kvinnherad kommune og Kvandalsvatnet i Etne kommune.
Sjå også orienteringstavler ved Fjellhaugen Skisenter og i Grønlia.

🗻 Rundt Botnavatnet i Bjørnafjorden

🗻 I Etnefjella: Løkjelsvatnet, Grindheimsvatnet, Hjørnåsvatnet, Bassur-/Krokavatnet og Ilsvatnet.

Respekter skiltinga og følg merka løyper!

⚠️Åtvaring mot utrygg is ⚠️Mange nyttar vinterferien til å dra på tur. Me minnar om at på regulerte elver og vatn vil de...
23/02/2026

⚠️Åtvaring mot utrygg is ⚠️

Mange nyttar vinterferien til å dra på tur. Me minnar om at på regulerte elver og vatn vil det alltid til å vera fare for ope vatn og utrygg is.

Til alle dykk som ferdast i SKL sine nedslagsfelt: VER AKTSAME!

🗻 I Fjellhaug- og Blådalsområdet i Kvinnherad og Etne
- åtvarar me særskilt mot ferdsel på følgande vatn: Fjellhaugvatnet, Staffi - Jamtelandsvatnet, Nesjastølsvatnet, Svartatjørn, Brandvikvatnet, Nedre Vetrhusvatn, Blådalsvatnet, Midtbotnvatnet og Møsevatnet i Kvinnherad kommune og Kvandalsvatnet i Etne kommune. Det kan også ligga att isflak som kan gjera det farleg å ferdast i reguleringssona.
Sjå også orienteringstavler ved Fjellhaugen Skisenter og i Grønlia.

I samband med utbygging av Fjellhaugen kraftverk åtvarar me generelt mot køyring i området grunna mykje tung anleggstrafikk på smale vegar.

🗻 Rundt Botnavatnet i Bjørnafjorden
- vatnet er regulert, og isen kan difor vera utrygg. Me åtvarar mot all ferdsel på isen, særleg i nærleiken av inntaket til Eikelandsosen kraftverk. Det kan også ligga att isflak som kan gjera det farleg å ferdast i reguleringssona.

🗻 I Etnefjella
På alle vatn i Etnefjella er isen usikker. Følgande vatn er regulerte og har varierande vasstand: Løkjelsvatnet, Grindheimsvatnet, Hjørnåsvatnet, Bassur-/Krokavatnet og Ilsvatnet.

Respekter skiltinga og følg merka løyper!

13/02/2026

Å fyka kraftverksdelar over Åkrafjorden er ikkje heilt kvardagsleg i SKL. 🚁 Men det må til når me byggjer småkraftverk på Tøsse - på nordsida av Åkrafjorden - som ikkje har samband til andre vegar. 🚤 Om et par år skal kraftverket produsera fornybar straum tilsvarande rundt 500 husstandar! ⚡️

Godt samarbeid og god kontroll = ein jobb vel utført 🤩 ...signert med ☀️ og flott dokumentert av Vestland Media

10/02/2026

Me treng ein ny kollega! 📈👩🏽‍💻

Me opnar for nye lærlingar! Me gler oss til å utvida gruppa med nye lærlingar innan energimontør og industrimekanikar. 📆...
27/01/2026

Me opnar for nye lærlingar! Me gler oss til å utvida gruppa med nye lærlingar innan energimontør og industrimekanikar. 📆 Søknadsfrist er 28. februar!

Pressemelding: Sunnhordland kraftlag (SKL) kjøper vindkraftanlegga Gismarvik i Tysvær og Storøy på Karmøy. – Med dette kjøpet sikrar me lokalt eigarskap av vindkrafta. SKL jobbar med å utvikla, drifta og eiga meir fornybar kraftproduksjon. Når me no overtar Gismarvik og Storøy, aukar SKL ...

26/01/2026

Er du student frå Sunnhordland? Sjå her - me søker sommarvikarar 👇🏻👇🏻👇🏻

Gratulerer med utdanningsstipendet for 2026  ! Saman med Stord Rotary Klubb deler me kvart år ut utdanningsstipendet ved...
21/01/2026

Gratulerer med utdanningsstipendet for 2026 ! Saman med Stord Rotary Klubb deler me kvart år ut utdanningsstipendet ved Utdanningsmessa på Stord. Stipendet er på 50 000,- og blir delt ut til ein ungdom frå Sunnhordland for å bidra til å stimulere til aktivitet til nytte for eit meir variert yrkesliv i Sunnhordland. Sondre held på med siste del av sine masterstudier ved i teknisk astrofysikk. Sjølv om det han studerer er svært teoretisk, kan han likevel nytta arbeidsmetodene til å løysa praktiske problem, ved å kombinera teoretisk kunnskap med numeriske metodar og programmering. Me håper stipendet kjem godt med for Sondre - og for regionen fram i tid! 💐

Sunnhordland kraftlag har kjøpt Gismarvik og Storøy vindkraftanlegg i Tysvær og Karmøy kommune!– Ambisjonen vår er å ver...
05/01/2026

Sunnhordland kraftlag har kjøpt Gismarvik og Storøy vindkraftanlegg i Tysvær og Karmøy kommune!

– Ambisjonen vår er å vera ein langsiktig og god eigar av desse anlegga. Kjøpet er nok eit steg for SKL på vegen mot meir vindkraft med lokalt eigarskap. Me skal driva anlegga godt slik at dei kan bidra med fornybar kraftproduksjon og inntekter til regionen, seier administrerande direktør John Martin Mjånes.

Les meir om anlegga i pressemelding på våre heimesider: https://skl.as/2026/01/05/sunnhordland-kraftlag-kjoper-to-vindkraftanlegg-pa-haugalandet/

‼️Blådalsvassdraget‼️ Vegen er no stengd for vinteren med bom ved Staffi. I heile området, også før bommen, er det stor ...
13/12/2025

‼️Blådalsvassdraget‼️ Vegen er no stengd for vinteren med bom ved Staffi. I heile området, også før bommen, er det stor anleggsaktivitet og mykje tung transport. Me rår generelt frå køyring i området. Viss ein likevel skal ut i området ber me alle om å køyra forsiktig og ta omsyn til anleggstrafikk og gjeldande skilting.

Adresse

Lønningsåsen 2
Stord Island
5400

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4753496000

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnhordland kraftlag As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sunnhordland kraftlag As:

Del