03/11/2026
Gammalt, skeivt og fullt av sjarm! 🔨🏡
På Dalsbruket på Bjoa har me den siste tida hatt gleda av å renovera taket på ei gammal løe! 😁
Ikkje alt treng å vera nytt og snorrett for å bli bra! Me trivst minst like godt med gamle konstruksjonar og skeive vinklar som med nye bygg. 💪
Her har gammalt og rusta bølgjeblikk blitt bytt ut med nye stålplater.
Det er noko ekstra kjekt og utfordrande med å ta vare på gamle bygg og sørgja for at dei får leva vidare i mange år framover!
Gammalt eller nytt – me tek utfordringa! 🔨
Ha ei fin veke vidare! 😊