Hendug

Hendug Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Hendug, Oppsjøvegen 13, Ål.

21/02/2026

Unik hytte teikna av Støre Arkitekter og bygd av dei lokale handverkarane i Hendug. Vil du bygge skikkeleg og "skreddarsaum" tilpassa dine behov? Ta kontakt med oss!

Det vert jobba godt på utekontora trass at kvikksølvet samlar seg i botnen av termometeret. Dagar med meir naturleg arbe...
20/02/2026

Det vert jobba godt på utekontora trass at kvikksølvet samlar seg i botnen av termometeret. Dagar med meir naturleg arbeidslys og ei sol som varmar gjer godt for dei henduge.
Me har begynt å lande oppdraga som skal byrje til sommaren. Skal du bygge nytt, bygge på eller modernisere, og vil gjera dette i lag med lokale fagfolk som bygger skikkeleg og godt? Ta kontakt no så legg me ein plan i lag.

Vår gode samarbeidspartnar, Innlandet Trefiberisolering , er innom to av byggeplassane våre denne veka: Eit rehab-prosje...
18/02/2026

Vår gode samarbeidspartnar, Innlandet Trefiberisolering , er innom to av byggeplassane våre denne veka: Eit rehab-prosjekt og eit nybygg. Kvalitet og effektivitet!
Kvifor velje trefiberisolasjon? Låg klimabelastning, taklar store variasjonar i temperatur, behageleg å jobbe med, god lydisolering og ein "pustande"/ hygroskopisk konstruksjon. Meir av det!

Digitaliseringa på byggeplassane går i heftige museklyv: Foto av handlelista kjem inn på kontoret der KI vert nytta til ...
17/02/2026

Digitaliseringa på byggeplassane går i heftige museklyv:
Foto av handlelista kjem inn på kontoret der KI vert nytta til å tolke blyantstrek og kvistar, og puttar innhaldet inn i MS Excel.
Meir science fiction enn dette må ein vel utanfor Hallingdal for å finne...😉

14/02/2026

Bygge hytte i Hallingdal? Bygge skikkeleg med lokale fagfolk? Ta kontakt med oss i Hendug!
Denne unike fjellhytta med fantastisk beliggenheit er teikna av Støre Arkitekter og bygd av Hendug.

"Furet værbitt" eller vêrbitt furu.Eit loft får stell og pleie i laftehallen, og får buføre heim att utpå vårparten. God...
13/02/2026

"Furet værbitt" eller vêrbitt furu.
Eit loft får stell og pleie i laftehallen, og får buføre heim att utpå vårparten. Godt rusta for nye år i vêr og vind.

Unik fjellhytte på Ustaoset med fantastisk utsikt til sals.Hytta er teikna av arkitekt Sven Gundersen og bygd av Hendug.
02/02/2026

Unik fjellhytte på Ustaoset med fantastisk utsikt til sals.
Hytta er teikna av arkitekt Sven Gundersen og bygd av Hendug.

Eiendommen har en flott og solrik beliggenhet, med panoramautsikt mot bl.a. Ustevatn og Hallingskarvet. Her er tur- og skiløyper rett utenfor hyttedør

Då var stalltrevet oppe og tømmerkassa restaurert. Eit flott bygg dette! 👌Må berre finne ut kor dørene høyrde heime... 🤨
21/01/2026

Då var stalltrevet oppe og tømmerkassa restaurert. Eit flott bygg dette! 👌
Må berre finne ut kor dørene høyrde heime... 🤨

2026 og byggeplassane er godt i gang!🔨Stor respekt for karane som starta året med arbeidstemperatur godt under -20 grade...
16/01/2026

2026 og byggeplassane er godt i gang!🔨
Stor respekt for karane som starta året med arbeidstemperatur godt under -20 grader 🥶og deretter dagar med mykje snøfall, men no ser det ut til at dei skal få betre arbeidstilhøve eit bel framover 👌

Stalltrev frå Øvre-Ål er innlagt hjå laftedokter Jan Egil Ruud for å bli velt på. Somme stokkar treng han berre byte ut ...
09/01/2026

Stalltrev frå Øvre-Ål er innlagt hjå laftedokter Jan Egil Ruud for å bli velt på. Somme stokkar treng han berre byte ut delar av; eine sida (halvkløyving) eller eine enden, medan andre råtestokkar må erstattast heilt av nye. Her vert botnkvarvet på eine delen av trevet byta heilt ut, og då vert andre kvarvet snudd opp-ned, slik at dei nye botnstokkane vert tilpassa opp mot dette.
Ta kontakt om du har gamalt bygg som treng stell: [email protected] , eller kom innom Trolløya og trekk kølapp.

Nytt år - nye moglegheiter!Er hytta di for trong eller treng ho oppgradering til neste jul? Eller har du ein hytte- elle...
01/01/2026

Nytt år - nye moglegheiter!
Er hytta di for trong eller treng ho oppgradering til neste jul?
Eller har du ein hytte- eller husdraum du vil realisere i 2026?
Bygg skikkeleg med lokale fagfolk - ta kontakt med uss i Hendug: https://www.hendug.no/kontakt/

Adresse

Oppsjøvegen 13
Ål
3570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hendug legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hendug:

Del