11/06/2026
🙏🏻 Korleis kan arbeidslivet vere betre rusta for morgondagen?
På Arbeidsliv og folkehelsekonferansen i Nordhordland 2026 ser vi nærare på framtidas arbeidsliv – der demografiske endringar, rask samfunnsomstilling og ei meir uforutsigbar verd stiller nye forventningar til arbeidslivet.
👋🏻 For femte året på rad samlast vi på Region Nordhordland Helsehus for fagleg påfyll om inkludering, KI, arbeidsmiljø, leiing og behov for arbeidskraft – i tillegg til praksiseksempel frå arbeidslivet.
Konferansen rettar seg mot leiarar i privat og offentleg sektor, HR, verneombod og tillitsvalde, men er open for alle som ønskjer å delta.
👉 Meld deg på allereie no og sikre deg plass!
https://arbeidsgiver.nav.no/kursoversikt/a16QC000000o7SvYAI
Velkomen til ein dag med innsikt, inspirasjon og konkrete perpektiv på korleis vi saman kan verte betre rusta for morgondagen.
Arrangørar: Region Nordhordland Nordhordland Næringslag
Alrek helseklynge Nav arbeidslivssenter Vestland Nav Region Vestland Hordaland legeforening