07/05/2026
I 40 år har Bremnes Seashore drive oppdrett i Hardangerfjorden.
På lokalitet Vikane møter me Susanne, Andreas og Jarle. Dei er ein del av laget i Hardanger som kvar dag gjer små og store val for at fisken skal ha det best mogleg.
Hardangerfjorden gjev gode vilkår for laksen. Fjorden er djup, og temperaturane er stabile gjennom året. Som eit kjøleskap om sommaren og eit varmeskap om vinteren ❄️☀️
Om våren fører snøsmelting frå fjella og breane til eit sjikt med brakkvatn i overflata. Der trivst lakselusa dårlegare, og i mange periodar gjev det lågare lusepress og mindre behov for behandling.
Men gode resultat kjem ikkje av naturen åleine. Dei kjem når dyktige folk brukar kunnskap, erfaring og godt lagarbeid til å ta vare på fisken på best mogleg måte 🤝
For oss er ansvarleg havbruk meir enn fisk. Det er arbeidsplassar, kunnskap og levande lokalsamfunn langs fjorden me får vera ein del av.
Takk til flinke folk i Hardanger og Ullensvang kommune 💙