Bykle Vindu

Bykle Vindu Norsk kvalitetsprodusent av vindu og dører. Spesialist på kittfalsvindu og antikvarisk tilpassing.

Hurra for Unni som har jobba hos oss i 30 år! 🥳 Her saman med dagleg leiar Kjell Ole og personalansvarleg Marit.Unni byr...
04/06/2026

Hurra for Unni som har jobba hos oss i 30 år! 🥳 Her saman med dagleg leiar Kjell Ole og personalansvarleg Marit.
Unni byrja i produksjonen her i 1996. Etter kvart tok ho fagbrev i trevare- og møbelsnekkerfaget. I produsjonen køyrde ho mellom anna maskiner, og kitta. Så kan nok Unni vere ei litt utolmodig sjel, og ho ønskte etter ein del år å gjere noko anna. Ho gjekk til sjefen Daniel og sa at “No vurderer eg å finne meg ny jobb, om du ikkje har andre oppgåver til meg”. Daniel ville sjølvsagt ikkje gi slepp på dyktige Unni, så då blei det overgang til kalkulasjon og sal. Også her gjer ho ein super jobb, og få (om nokon) klarer å halde tritt med produksjonen hennar. Nokre ganger kan det kanskje gå vel fort i svingane 😅 Men det løyser seg.
Tusen takk for veldig god innsats i 30 (!) år 🙌
Helsing alle oss kollegaer 🤗

Nokre glimt frå seminaret fredag. Takk for godt initiativ, og for at me fekk delta med innlegg og i panelsamtale 😊
02/06/2026

Nokre glimt frå seminaret fredag. Takk for godt initiativ, og for at me fekk delta med innlegg og i panelsamtale 😊

No finn du fleire vindu og dører til svært hyggjelege prisar under "Lagersalg" på nettsida vår :) Mellom anna 2 stk nye ...
27/04/2026

No finn du fleire vindu og dører til svært hyggjelege prisar under "Lagersalg" på nettsida vår :) Mellom anna 2 stk nye 2-fløya balkongdører. Ta gjerne ein kikk :)

Me produserer alt på mål, og lagerfører altså ikkje vindu eller dører. Men innimellom har me noko me kan selge til hyggjeleg pris, og då legg me det ut her. 2 stk 2-fløya utadslåande balkongdører   2-fløya utadslående iSOKiTT balkongdør, venstre gangdør. 3-lags sikkerhetsglass (herda i...

Det historiske Sophies Minde-bygget ved Carl Berners plass i Oslo er eit av dei største prosjekta me leverte i 2025. Byg...
15/04/2026

Det historiske Sophies Minde-bygget ved Carl Berners plass i Oslo er eit av dei største prosjekta me leverte i 2025. Byggherre Oslobygg KF la stor vekt på berekraft og historisk korrekt rehabilitering. Me har hatt tett dialog med både arkitekt og entreprenør for at vindauga skulle få rett utforming. Takk for tilliten 😊
Foto: Oslobygg/ Tove Lauluten

PÅSKEFERIE 2026Tradisjonen tru er det mange hos oss som skal på heia i påska, og nokre reiser heim på påskeferie.Siste d...
26/03/2026

PÅSKEFERIE 2026
Tradisjonen tru er det mange hos oss som skal på heia i påska, og nokre reiser heim på påskeferie.

Siste dag me held ope før påske er fredag 27. mars, så er me tilbake att med friskt mot 7. april.

ME ØNSKJER ALLE EI RIKTIG FIN PÅSKE 🐣

PS: Annekset på bilete er Stokklaft levert av søsterbedrifta vår VE Entreprenør. Vindauga er sjølvsagt våre 😊 Same kunde har også fått levert badstove frå Stokklaft.

Nysgjerrig? Sjå meir info på www.stokklaft.no.

Foto: Vår eiga Unni Tvitekkja

MØT FOLKA VÅRE:Jaroslaw (eller Jarek, som me kallar han) har jobba hos oss i snart 20 år! Han har full kontroll i beisen...
19/03/2026

MØT FOLKA VÅRE:
Jaroslaw (eller Jarek, som me kallar han) har jobba hos oss i snart 20 år! Han har full kontroll i beisen, og sørgjer for at du får den fargen du vil ha på vindauga 😊 Tidlegare i vinter blei Jarek 60 år, så me er litt trege med kake. Men i dag fekk me feira han 😊 Gratulerer til ein sprek 60-åring, og takk for den gode jobben du gjer hos oss 🤗

På nettsida vår finn du no eiga side "Lagersalg" med oversikt over diverse vindu me sel ut til veldig hyggjeleg pris :) ...
13/03/2026

På nettsida vår finn du no eiga side "Lagersalg" med oversikt over diverse vindu me sel ut til veldig hyggjeleg pris :) Kanskje du finn noko du kan bruke til eit prosjekt? Klikk deg inn her:
https://byklevindu.no/lagersalg/

Ærleg tilbakemelding frå snekker-kunde :) Nei - det er nok ikkje pris som er vårt fremste konkurransefortrinn. Men i hel...
26/01/2026

Ærleg tilbakemelding frå snekker-kunde :) Nei - det er nok ikkje pris som er vårt fremste konkurransefortrinn. Men i helga hadde ein anna kunde delt bilete på Instagram kor dei skreiv at dei var "forelska i de nye vinduene" me hadde levert. Så noko rett må me jo gjere :)

24/01/2026

Få med deg denne på Hovden i dag! Me set pris på at Rysstad Laftebygg AS vel Bykle Vindu til dei flotte gapahukane 😊 Eller Bykle-glòs, som det heiter på rett mål her 😊

Adresse

Sarvsnetten 1
Bykle
4754

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4737939300

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bykle Vindu legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bykle Vindu:

Snarveier

Del