Fusa Kraftlag SA

Fusa Kraftlag SA Fusa Kraftlag held til i Eikelandsosen og eig og driv straumnettet i Fusa kommune. Vi leverer og kraft og fiberbaserte breibandstenester til innbyggarane.

Fusa Kraftlag vart skipa som eit partslag 23. mars 1946 under namnet Strandvik, Fusa & Hålandsdalen Kraftlag, for å skaffa straum til folk og næringliv i dei dåverande kommunane i distriktet. Då kommunane gjekk saman i 1964, fekk laget namnet Fusa Kraftlag P/L. Parteigarane i Fusa Kraftlag P/L vedtok i april 2010 å endra selskapsform frå partslag til eit almennyttig samvirkeføretak. Laget har allt

id vore eit samvirke, men selskapsform og vedtekter er no tilpassa den nye samvirkelova. Det offisielle namnet er Fusa Kraftlag SA. Laget med sine 22 tilsette, har sitt administrasjons- og lagerbygg på Stallabrotet i Eikelandsosen.

Visste du at me er eigde av medlemmane våre, og at du som fastbuande i tidlegare Fusa kommune kan søkja om medlemskap? D...
25/10/2025

Visste du at me er eigde av medlemmane våre, og at du som fastbuande i tidlegare Fusa kommune kan søkja om medlemskap? Då blir du medeigar i Fusa Kraftlag 🎉

Ta del i framtidige utbytte du òg – meld deg inn i ditt lokale kraftlag 💙
Meir informasjon finn du på heimesidene våre.

Fusa Kraftlag deler ut 3 millionar kroner i utbytte!Som medlemseigd samvirke er me stolte av å kunna gje noko tilbake ti...
21/10/2025

Fusa Kraftlag deler ut 3 millionar kroner i utbytte!

Som medlemseigd samvirke er me stolte av å kunna gje noko tilbake til dei som er ein del av fellesskapet vårt 💙

For 2024 har årsmøtet vedteke å dela ut 3 millionar kroner i utbytte til medlemmane. Utbyttet byggjer på all handel medlemmane har gjort med Strøyma og Lysna gjennom året.

Er du fastbuande eller har organisasjon i tidlegare Fusa kommune? Då kan du søkja om medlemskap på våre heimesider ⚡

03/10/2025

På grunn av feil på overliggande nett er mange av våre kundar straumlause. Det blir jobba med å få straumen tilbake. Beklager at ikkje alle får svar på telefon.

Ung i Fusa med draumar innan kultur, idrett eller frivillig arbeid? 🌟Søk ungdomsstipend på 30 000 kroner frå Fusa Kraftl...
20/09/2025

Ung i Fusa med draumar innan kultur, idrett eller frivillig arbeid? 🌟
Søk ungdomsstipend på 30 000 kroner frå Fusa Kraftlag! 💙

Her ser du fjorårets mottakarar – no kan det bli deg!
Fristen er 21. september ⚡

Meir informasjon finn du på vår heimeside.

19/09/2025

Hugs å søkja allmennyttige midlar og ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag 💙 Fristen er 21.september.

Link til søknadsskjema finn du i kommentarfeltet.

💙Har ditt lag eit prosjekt som kjem fellesskapet til gode eller tek de vare på det lokale grendahuset? Hugs då å søkja a...
17/09/2025

💙Har ditt lag eit prosjekt som kjem fellesskapet til gode eller tek de vare på det lokale grendahuset? Hugs då å søkja allmennyttige midlar frå Fusa Kraftlag!

Søknadsskjema er enkelt å fylla ut og går unna på nokre minutt! ⚡
Hugs å levere innan fristen 21. september.

På biletet ser du nokre av dei flotte ungdommane som tidlegare har motteke Ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag. Me er stolt...
10/09/2025

På biletet ser du nokre av dei flotte ungdommane som tidlegare har motteke Ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag.

Me er stolt av å ha støtta mange talent i lokalsamfunnet – innan alt frå idrett og kultur til samfunnsengasjement og kreative prosjekt 🎉

Kjenner du nokon som bør søkja i år? Tips dei om å søkja ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag. Meir informasjon finn du i kommentarfeltet.

02/09/2025

Hos Fusa Kraftlag skjer det mykje forskjellig – og no treng me nokon som har lyst til å vere med på moroa! 🎉

Er du engasjert, serviceinnstilt og likar å jobbe med sal og kommunikasjon? Då er kanskje vikariatet som marknadskonsulent midt i blinken for deg.

👉🏼 https://www.finn.no/job/ad/424353850

Informasjon om Norgespris️❗️ Frå 1. oktober kan du teikne Norgespris – ei valfri støtteordning som gjev deg ein fast str...
02/09/2025

Informasjon om Norgespris️❗️

Frå 1. oktober kan du teikne Norgespris – ei valfri støtteordning som gjev deg ein fast straumpris på 50 øre per kilowattime. Norgespris blir administrert av nettselskapa og kjem som fråtrekk eller tillegg på nettleigefakturaen din, på bakgrunn av spotprisen den siste månaden.

✏️ Noko å hugse på:

• Norgespris erstattar ikkje straumavtalen du har i dag, og du må enda ha straumavtale med ein straumleverandør.

• Mot slutten av september kan du sjekke på Elhub.no korleis du ville ha kome ut det siste året dersom du hadde hatt Norgespris. Men hugs at historisk oppside ikkje er nokon garanti for framtidige resultat.

• Bestilling av Norgespris gjer du via Elhub.no, og kan bestillast frå slutten av september. Du vil kunne bestille Norgespris når som helst etter dette.

• Dersom du bestiller Norgespris har du 14 dagar angrerett. Etter dette er du bundet ut 2026.

• Om du vel å ikkje bestille, held du fram med dagens straumstøtteordning.

• Norgespris gjeld hushaldningar (maks 5000 kWh i månaden) og fritidsbustader (maks 1000 kWh i månaden).

01/09/2025

Endeleg den tida av året igjen! 🎉
Fusa kraftlag skal dele ut allmennyttige midlar og ungdomsstipend 💙
Link til søknadsskjema finn du i kommentarfeltet. Spre gjerne ordet vidare! ☺️

Sommarens klart beste tips! Er du busett i Fusa og enno ikkje medlem i Fusa Kraftlag? Då er det på tide! ⚡Som medlem får...
18/07/2025

Sommarens klart beste tips!

Er du busett i Fusa og enno ikkje medlem i Fusa Kraftlag? Då er det på tide! ⚡

Som medlem får du:
- Kjøpsutbytte basert på handel med Strøyma, Lysna og Fusa Kraftlag
- Ei stemme i utviklinga av det lokale kraftlaget

Link til søknadsskjema finn du i kommentarfeltet! 👇

09/07/2025

Straumstans? Slik jobbar Lysna for å fikse det!

I helga og på mandag opplevde fleire av våre kundar dessverre straumstans. Men kva var eigentleg årsaka? Korleis jobbar Lysna for å finne og løyse feilen? Og kvifor kjem og går straumen under ein slik situasjon?

Driftsingeniør Pieter gir deg svaret i denne videoen, der han forklarar prosessen steg for steg.

Hugs å ringa Lysna dersom du ser eller høyrer noko som kan påverka straumstansen. Er du usikker på kvifor straumen er borte? Då anbefalar me at du ventar litt og sjekkar oppdaterte driftsmeldingar på lysna.no

Me jobbar for å få straumen tilbake så raskt som mogleg!

Adresse

Stallabrotvegen 119
Eikelandsosen
5640

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4756580020

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fusa Kraftlag SA legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fusa Kraftlag SA:

Del