08/03/2026
Endeleg fekk eg svar på dendroprøvene som vi har teke av stabburet (bue), som står på Aabol i Skrautvål i Valdres. Halve bue er lafta og andre halve er sett opp i grovt bindingsverk. Slik bue ser ut i dag, syrgja Gubrand B. Aabol for, kring 1890. Truleg har bue før dette vore ei tradisjonell bu, lafta i 2 etasjar med svalgang på 3 sider i 2. høgda. Dateringa syner at 1. høgda i laftet er hogge i 1615, medan tømmeret i 2. høgda er felt i 1754. Golvet i 1. høgda vart òg datert til 1754. Ein kan vel ikkje vera sikker, men truleg har desse to konstruksjonane vore sjølvstendige bygg og st dei på eit tidspunkt vart 1754-kassa sett opp på 1615-kassa, sidan golvet i 1. høda truleg er gjenbruk frå 1754-kassa.