Blink Hus Søre Sunnmøre

Blink Hus Søre Sunnmøre Blink Hus Søre Sunnmøre tilbyr alt av husbygging, frå påbygg og renovering til nøkkelferdige hus

Vi ynskjer Audun hjarteleg velkomen inn i Vågegruppa og Hadarhus/Blink Hus Søre Sunnmøre!Med solid erfaring frå byggebra...
01/07/2026

Vi ynskjer Audun hjarteleg velkomen inn i Vågegruppa og Hadarhus/Blink Hus Søre Sunnmøre!

Med solid erfaring frå byggebransjen og sterk fagkompetanse blir han eit viktig tilskot til laget vårt. Som prosjektleiar skal Audun følgje opp bustadprosjekt og bidra til å gi kundane våre ei trygg og god byggeoppleving – frå første møte til nøkkelen står i døra🏡

Audun har allereie vore hos oss i ein månad, og har kome svært godt i gang! Han har god kontakt med både kollegaar og kundar, noko som er avgjerande for god gjennomføring av prosjekta våre.

Vi ønskjer Audun hjarteleg velkomen og ser fram til alt vi skal skape saman! 👏🤝

På denne flotte tomta i Ulstein er Holstad Maskin As straks ferdige med grunnarbeid og muring, solid arbeid frå den kant...
14/05/2026

På denne flotte tomta i Ulstein er Holstad Maskin As straks ferdige med grunnarbeid og muring, solid arbeid frå den kanten som vanleg! 🙌 Vi gler oss voldsomt til å sjå denne flotte, eigenteikna bustaden ta form!

Takk også til karane i Strek Prosjektering for strålande arkitektarbeid!

Blink Hus
Holstad Maskin As
Strek Prosjektering

Bli med og utvikle Hadarhus / Blink Hus Søre Sunnmøre vidare!- Eit framifrå arbeidsmiljø på tvers av selskapa i Vågegrup...
12/05/2026

Bli med og utvikle Hadarhus / Blink Hus Søre Sunnmøre vidare!

- Eit framifrå arbeidsmiljø på tvers av selskapa i Vågegruppa
- Gode utviklingsmoglegheiter, mellom anna tilbod om utdanning ved behov
- Konkurransedyktige betingelsar

Vågegruppa har eigarinteresser i mellom anna Volda Bygg og Mulvik i tillegg til Sunnkran og A. Våge as noko som gir eit stort fagmiljø og brei kompetanse innan dei fleste områder innan bygg og anlegg. Dette miljøet vil driftsleiaren i Hadarhus bli ein sentral del av.

Vil du vere med og vidareutvikle eit spennande fagmiljø på Søre

Fantastiske nyhende! 🤩 Dette er eit viktig og riktig steg for å halde fram veksten vi har hatt dei siste åra! Askjell Vå...
07/05/2026

Fantastiske nyhende! 🤩

Dette er eit viktig og riktig steg for å halde fram veksten vi har hatt dei siste åra! Askjell Våge og Vågegruppa har imponert oss med planane og ambisjonane for selskapet og vi ser fram til fortsettinga!

Dette gir oss moglegheita til å halde fram satsinga, noko vi no gjer, mellom anna ved å lyse ut etter fleire tømrarar! Ta kontakt!

Og viktigast av alt - Blink Hus Søre Sunnmøre og Drømmekjøkkenet Hareid skal sjølvsagt framleis halde til i dei flotte lokala på Hareid! 🥰

Vekst i Hareid

Vågegruppa kjøper Hadarhus🎉🤝🏼

Gjennom oppkjøpet tek Vågegruppa eit nytt og tydeleg steg inn i eitt av dei mest offensive næringsmiljøa i regionen!

Over tid har Hadarhus AS blitt ein etablert og solid aktør innan bustadbygging, feltutvikling og kjøkkenløysingar gjennom merkevarene Blink Hus Søre Sunnmøre og Drømmekjøkkenet Hareid.

- Hadarhus er eit veldrive selskap med dyktige tilsette og er i ein sterk posisjon. No blir dei ein del av Vågegruppa og får tilgang til meir kompetanse, større fagmiljø og styrkte støttefunksjonar i systerselskapa som legg til rette for vidare utvikling, seier dagleg leiar Askjell Våge i Vågegruppa.

Deleigar og avtroppande dagleg leiar i Hadarhus AS, Terje Giskeødegård Balsnes, har stor tru på oppkjøpet.

- Dette er ei særs spennande og heilt rett retning for Hadarhus. Gjennom Vågegruppa får vi nye utviklingsmoglegheiter, samstundes som vi held fram med det vi kan best – å levere gode løysingar for kundane våre, seier Balsnes og held fram:

- Vågegruppa har også eit svært godt arbeidsmiljø på tvers av selskapa, noko som gjer meg trygg på at dei tilsette i Hadarhus vil trivast godt under nye eigarar.

Hadarhus planlegg no å styrkje bemanninga og lyse ut fleire stillingar, mellom anna driftsleiar, byggjeleiar og tømrarar🛠️

– Hareid er kjent for eit næringsliv der ein er «framme i skoa» og det er kort veg frå idé til handling. Vågegruppa vil passe godt inn i dette miljøet, og med dei på eigarsida legg vi til rette for enda tettare samarbeid og vidare utvikling mellom dei ulike lokale aktørane på øya, seier Balsnes.

25/04/2026

Om lag slik ser vi for oss at "klyngetunet" sør-aust på Brekkane kan sjå ut om nokre år, men for å kome dit, treng desse flotte bustadane nokon som vil etablere seg her.

Dei tre kjeda einebustadane til venstre er sett opp og den i midten av dei tre er selt. Her er det altså store moglegheiter til å vere med å skape dette vesle samfunnet på Brekkane.🤩

Sjå annonsen under og ta kontakt med oss!

https://www.finn.no/424246311

Vekst i Hareid
Blink Hus

Blink Hus Søre Sunnmøre tilbyr alt av husbygging, frå påbygg og renovering til nøkkelferdige hus

Montering av element frå Pretre AS på ein av einebustadane under perfekte forhold på Skeide! Huset er teikna av MG Arkit...
20/04/2026

Montering av element frå Pretre AS på ein av einebustadane under perfekte forhold på Skeide! Huset er teikna av MG Arkitekter 👌🤝💪

Ny veke, ny leveranse frå Byggtorget  til ein av dei flotte bustadane vi held på å setje opp på Skeide! Vi kompromissar ...
09/03/2026

Ny veke, ny leveranse frå Byggtorget til ein av dei flotte bustadane vi held på å setje opp på Skeide!

Vi kompromissar ikkje på kvaliteten i våre hus, det kjem kundane til gode på lengre sikt!

I førre veke signerte vi endå ei kontrakt på Skeide og vi gler oss veldig til å sjå denne flotte bustaden ta form! Busta...
13/02/2026

I førre veke signerte vi endå ei kontrakt på Skeide og vi gler oss veldig til å sjå denne flotte bustaden ta form!

Bustaden er eigenteikna i samarbeid med kunde og STREK Prosjektering!

I dagens marknad er vi svært takknemlege for at mange kundar vel ein stabil og trygg leverandør for bustadane sine! Tusen takk for tilliten!

Med oss på laget har vi som så ofte før mellom andre , , , , Bygg 1 Produkter As og Rørleggarmester Are M.Fiskaa.

Dette er frykteleg stas for heile verksemda! 🤩💐Takk til Vikebladet Vestposten for flott artikkel og til Hareid kommune v...
11/02/2026

Dette er frykteleg stas for heile verksemda! 🤩💐
Takk til Vikebladet Vestposten for flott artikkel og til Hareid kommune ved Silje og Bernt for gode ord! Takk også til alle dei som har jobba med dette, med Nadja i spissen, og til Blink Hus og Mestergruppen for god støtte undervegs!

– Dette handlar ikkje berre om tiltak og sjekklister, men også om endring av tankesett. Det handlar om å byggje kultur for miljø og berekraft, og å integrere det i heile verksemda. Ikkje som eit sideprosjekt, men som ein naturleg del av kvardagen, sa Pedersen og heldt fram:

– Dette vil skape engasjement og eigarskap, og betre avgjersler på byggeplassane. Arbeidet stoppar ikkje her, det er eit kontinuerleg forbetringsarbeid som aldri vil ta slutt.

Tysdag fekk Hareids-verksemda Blink Hus Søre Sunnmøre det synlege beviset på at dei no er Miljøfyrtårn-bedrift.

Adresse

Strandgata 53
Hareid
6060

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Blink Hus Søre Sunnmøre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Blink Hus Søre Sunnmøre:

Snarveier

Del