14/06/2024
Vi signerte nylig kontrakt med Ålesund kommune ifb med nytt vannbehandlingsanlegg. Vi skal levere og installere flere inntaksledninger i Brusdalsvatnet. Blant annet en ø1000mm ledning på 3800 meter. Utrolig spennende prosjekt å få være en del av, og vi ser stort frem til oppstart i høst! 😊
Pressemelding fra Ålesund kommune under:
Ha en flott helg😎
Kontrakt på sjøleidningar i Brusdalsvatnet
Kontrakt på mellom anna 4700 meter nye leidningar i Brusdalsvatnet til det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen er inngått.
I samband med nytt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen, skal det leggast nye inntaksleidningar i Brusdalsvatnet i tillegg til omkopling av eksisterande leidningar.
Kontrakten på nesten 30 millionar kroner gjekk til Telemark SeaWorx.
Spesiell del av prosjektet
Prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, Marthe Therese Strømme, seier arbeidet med sjøleidningar i Brusdalsvatnet er ein utfordrande og spesiell del av byggeprosjektet.
- Å arbeide i ei drikkevasskjelde stiller store krav til entreprenøren og det er mange forholdsreglar som må takast. Vi er difor godt fornøgde med at kontrakten gjekk til ein entreprenør med solid erfaring frå slikt arbeid.
Arbeidet med sjøleidningar er planlagt å starte hausten 2024 og det vil bli mykje aktivitet på vatnet med dykkarar, båtar og anna utstyr.
Ta vare på drikkevasskjelda
Telemark SeaWorx har base i Langesund, men har oppdrag med sjøleidningar og dykkarprosjekt over heile landet, spesielt innan vatn og avløpsarbeid.
Dagleg leiar i Telemark SeaWorx, Anders L. Melfald, seier dei er glade for kontrakten og klar for utfordringa.
- Vi veit at vi skal jobbe i det som er drikkevatnet til nesten halve Sunnmøres befolkning. Det gjer at vi må vere svært nøye og forsiktige, og vi vil ta i bruk all vår erfaring og alle ressursar for å få dette til.
FAKTA Fremmerholen vassbehandlingsanlegg
Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar for å sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.
To bygg i Brusdalsvegen med prosessanlegg og reintvassanlegg. Pumpestasjon ved Rødsetvegen.
Planlagt drift av anlegget er hausten 2026