Tersan Havyard

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Tersan Havyard Gjennom generasjoner har godt handverk vært vårt varemerke.
(1)

Våre løsninger reduserer utslipp og øker levetid på skip og utstyr - vi utfører ombygginger, reparasjoner og vedlikehold av alle skipstyper i innebygd tørrdokk.

🎉Takk for 50 år med verftshistorie, Jan Olav! 💐Fredag 28. august markerte me ein heilt spesiell milepæl ved Tersan Havya...
31/08/2026

🎉Takk for 50 år med verftshistorie, Jan Olav! 💐

Fredag 28. august markerte me ein heilt spesiell milepæl ved Tersan Havyard. Jan Olav Gjerde gjekk av med pensjon – 50 år etter at han første gong starta ved verftet.

Jan Olav var berre 18 år då han 28. juni 1976 starta som hjelpearbeidar i platearbeid. Etter eit opphald i samband med militærtenesta kom han tilbake til verftet i 1980, då som sveisar.

Sidan har han hatt eit langt og innhaldsrikt arbeidsliv hos oss. Han arbeidde i mange år som sveisar og fagarbeidar ved utrustningsavdelinga, og tok fagbrev i sveisefaget i 1995. Seinare gjekk han over til HMS-arbeid og fekk oppgåver og ansvar innan HMS, sikkerheit og beredskap. ⛑️

Dei siste åra kjenner mange Jan Olav best gjennom rollene som industrivernleiar og PTW-koordinator, der den lange erfaringa hans frå produksjonen og den unike kjennskapen til verftet har vore svært verdifull.

Gjennom 50 år har Jan Olav vore med på ei enorm utvikling. Han har opplevd ulike namn og eigarar, oppgangstider og meir krevjande periodar, sett båtar bli bygde og leverte – og kollegaer kome og gå.

No er det Jan Olav sin tur til å gå ut porten og inn i pensjonisttilværet.

Tusen takk for innsatsen, engasjementet og all kunnskapen og erfaringa du har delt med oss gjennom alle desse åra.

Me ønskjer deg alt godt i pensjonisttilværet og mange gode år framfor deg!

Gratulerer som pensjonist, Jan Olav – og tusen takk for 50 år med verftshistorie! ⚓

Det er med djup sorg me i Tersan Havyard har teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald har gått bort.Kong Hara...
28/08/2026

Det er med djup sorg me i Tersan Havyard har teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald har gått bort.

Kong Harald har gjennom si lange teneste vist ein unik nærleik til folket, til norsk arbeidsliv og har vore ein samlande figur for heile nasjonen.

Me minnest med stor stolthet og takksemd då Hans Majestet vitja verftet vårt i 2021, og det varme møtet han hadde med våre tilsette.

Vår djupaste medkjensle og varme tankar går til Hennar Majestet Dronning Sonja, Hans Majestet Kong Haakon og resten av den kongelege familien i denne tunge tida.

Tersan Havyard

______________________________________________________________________________
English version:

It is with profound sadness that we at Tersan Havyard have received the news of the passing of His Majesty King Harald.

Throughout his distinguished reign, His Majesty demonstrated a steadfast commitment to the nation, its people, and the Norwegian workforce, serving as an enduring source of unity and strength.

We recall with immense pride and gratitude His Majesty’s visit to our shipyard in 2021, and we deeply cherish the memory of his warm and gracious engagement with our employees.

Our most sincere condolences and deepest sympathies are extended to Her Majesty Queen Sonja, His Majesty King Haakon, and all members of the Royal Family during this period of national mourning.

Tersan Havyard

Foto/Photo: Elias Engvik/TV2

24/07/2026

Bli med på inndokking av NB155 !⚓

Sjå på den imponerande operasjonen når NB 155 blir manøvrert trygt inn i dokka ved Tersan Havyard 🙌

20/07/2026

Tersan Havyard ønsker alle sine kundar, og samarbeidspartnerar ein strålande fin sommar! 🌞 Må været vise seg frå si beste side, og by på fine dagar med grillmat og is! 🍨

30/06/2026

Har du eller nokon du kjenner ledige hyblar/leilegheiter? Vi får to nye lærlingar i august som treng plass å bu, så ta gjerne kontakt på [email protected] om du veit om noko :)

Bustaden må vere i nærheten av verftet i Leirvik.

05/06/2026

MF Værøy har reist, ein dag FØR planlagt og som den siste av 3 ombyggingar Tersan Havyard har utført for Torghatten 🛳️🛟⚓️

Tusen takk for tilliten og samarbeidet! 🤝🤩

Ein ekstra takk til alle ansatte som sørga for god gjennomføring og ikkje minst god levering💪

07/05/2026

Har du, eller kjenner du nokon som har ledige hus/leiligheter/hyblar i nærheten av verftet i Leirvik? Ta kontakt med oss på [email protected] eller på tlf: 95009578. Bustad bør helst ligge innafor 20 minutt frå verftet, og maks 45 minutt.

Min båt er så liten og havet så stort!Krana er sterk og  vegen hit er kort 😁Frå sjø til land  vi løftar deg opp, Det er ...
21/04/2026

Min båt er så liten og havet så stort!
Krana er sterk og vegen hit er kort 😁

Frå sjø til land vi løftar deg opp,
Det er enkelt gjort og fungerer topp! 🤩🤩

Kvardagen på verft er aldri lik,
Om du likar det dynamisk er du velkommen hit ! 😄

I dag markerer vi Verdsdagen for Downs syndrom! Hos Tersan Havyard feirar vi mangfald, inkludering og verdien av at alle...
21/03/2026

I dag markerer vi Verdsdagen for Downs syndrom! Hos Tersan Havyard feirar vi mangfald, inkludering og verdien av at alle er unike💙💛🧡

21/03/2026

Finally we welcome our NB 154 delivered directly from Tersan Shipyard🤩🥳

Adresse

Bøfjordvegen 260
Leirvik I Sogn
6953

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Tersan Havyard legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tersan Havyard:

Snarveier

Del