Equinor Mongstad

Equinor Mongstad Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Equinor Mongstad, Industribedrift, Mongstad 56, Mongstad.
(1)

Noregs einaste raffineri og drivstoffprodusent🤚Her er Nord-Europas nest største havn i tonnasje🚢, og over 2000 km rør🔍 Her er 40% av råolja på Norsk sokkel hos Mongstad Terminal og NGL prosesseringsanlegget Vestprosess, med våtgass fra Øygarden/Troll🧌

15/07/2026

POV: Bli med Charlotte på jobb på Mongstad raffineri 👷‍♀️​

Charlotte er fagansvarleg på Mongstad, og noko av det ho likar best er kombinasjonen av planlegging og praktisk arbeid ute på anlegget. Bli med når ho testar målarar og ventilar, og kontrollerer at brannvernsystema fungerer som dei skal.​

Kva kan du om Noregs einaste raffineri? Ta quizzen her:
https://www.equinor.com/no/magasin/vinn-besok-til-mongstad?utm_medium=olv&utm_source=youtube&utm_campaign=260601_equinor_mongstad

På Mongstad er det 3 400 årsverk knytte til anlegget. Det er i drift døgnet rundt, heile året. Her er 50 ulike produksjo...
29/06/2026

På Mongstad er det 3 400 årsverk knytte til anlegget. Det er i drift døgnet rundt, heile året. Her er 50 ulike produksjonsanlegg og Nord-Europas nest største hamn i tonnasje. Anlegget på Mongstad går ikkje av seg sjølv. Det vert drive døgnet rundt av Noregs einaste raffinørar.​

Kva kan du om Noregs einaste raffineri?​

Ta quizen her: https://www.equinor.com/no/magasin/vinn-besok-til-mongstad

24/06/2026

Visste du at viss du legg røyra etter kvarandre langs vegen frå Mongstad, så hamnar du i Hammerfest? Intertek er ein av svært mange leverandørar til Mongstad raffineri.​

I denne videoen vert du betre kjend med rustekspert Knut Arne, som viser korleis Intertek jobbar omfattande og effektivt med inspeksjonsteknologi.​

Kva kan du om Noregs einaste raffineri?​

Ta quizen her: https://www.equinor.com/no/magasin/vinn-besok-til-mongstad

Dei fleste veit at det vert produsert drivstoff på Mongstad. Men visste du at Noregs einaste raffineri òg produserer and...
23/06/2026

Dei fleste veit at det vert produsert drivstoff på Mongstad. Men visste du at Noregs einaste raffineri òg produserer andre samfunnskritiske varer og tenester?​

I tillegg til bensin, diesel og flydrivstoff vert det til dømes produsert gassolje til små og store anleggsmaskiner og traktorar 🚜, og råstoff til aluminiumsindustri.​

Dette er nødvendig for industri som mellom anna petrokjemi, drift av bygg og anlegg, shipping, oppvarming, beredskap og mykje, mykje, mykje meir 💡​

Kva kan du om Noregs einaste raffineri? Ta quizen her: https://www.equinor.com/no/magasin/vinn-besok-til-mongstad

På Mongstad vert det handtert over 150 millionar liter råolje kvar einaste dag. Men kva får vi eigentleg ut av eitt fat ...
18/06/2026

På Mongstad vert det handtert over 150 millionar liter råolje kvar einaste dag. Men kva får vi eigentleg ut av eitt fat med råolje?​

Dei fleste veit at det vert produsert drivstoff i ulike variantar på raffineriet. Men visste du at det òg vert laga råstoff som er heilt kritiske for ei rekkje ulike produkt du sannsynlegvis omgir deg med kvar dag?​

Vi snakkar til dømes om gjødsel og aluminiumsproduksjon 🏗️ Det kan vera takpapp og vassrøyr 🛣️ Eller det kan vera vaskemiddel, lim, møblar eller måling.​

… berre for å nemna noko!​

Kva kan du om Noregs einaste raffineri?​

Ta quizen her: https://www.equinor.com/no/magasin/vinn-besok-til-mongstad

Viss alle røyra på Mongstad vart sette saman og retta ut, ville dei faktisk nådd heilt frå Bergen til Barcelona! Det er ...
12/06/2026

Viss alle røyra på Mongstad vart sette saman og retta ut, ville dei faktisk nådd heilt frå Bergen til Barcelona! Det er ganske spinnvilt å tenkja på, og seier noko om den enorme kompleksiteten på anlegget.​

Kva kan du om Noregs einaste raffineri?​

Ta quizen her: https://www.equinor.com/no/magasin/vinn-besok-til-mongstad 🔗

10/06/2026

Equinor held ikkje til åleine på Mongstad. Etter at raffineriet kom, har industriparken vakse med 60 bedrifter og over ​3 500 arbeidsplassar. Ei av dei er PSW, ein lokal vedlikehaldsleverandør.​

Mykje har skjedd sidan PSW etablerte seg her med tre bygg i 2007. No har dei 25 000 kvadratmeter med verkstad og produksjonslokale, og 115 000 kvadratmeter til lagring av utstyr 🤩​

Kva kan du om Noregs einaste raffineri? ​

Ta quizen her: https://www.equinor.com/no/magasin/vinn-besok-til-mongstad 🔗

08/06/2026

🚨 Me søkjer fagoperatørar på raffineriet!
Vil du vere med på laget med Norges einaste raffinørar på eitt våre mest avanserte prosessanlegg?

Me ser etter fagoperatørar som vil jobbe tett på produksjonen, med fokus på sikker drift, kvalitet og kontinuerleg forbetring. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø og bidreg i alt frå dagleg drift og vedlikehald til prosjekt og beredskap.

👉 Del gjerne i nettverket ditt, kanskje du kjenner nokon som passar?

📩 Les meir og søk her:

https://equinor.wd3.myworkdayjobs.com/no-NO/EQNR/job/Mongstad-Raffineri-Norway/Vi-sker-fagoperatrer-til-ygarden---Mongstad-innen-prosess_JR106567?fbclid=IwZnRzaASUBNdleHRuA2FlbQIxMQBzcnRjBmFwcF9pZAo2NjI4NTY4Mzc5AAEehO0UitrvZEmpzUDqLh5LMQ6MA3Ni9NUKKOWo0nC4Rwi6byUygJIgvn-b5R4_aem_PC-y994xoNaVVLL9Qfhjcg&utm_id=97758_v0_s00_e233_tv2_tp1_a1demo09bm478a

Adresse

Mongstad 56
Mongstad

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Equinor Mongstad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del