13/03/2026
No for tida held med på med eit utruleg gama prosjekt🏠💪🏻🤩
Me bygger eit tradisjonelt lafta hus som skal til Austad i Bygland. Huset er bygd av tømmer frå Skåmeheii som ligg i Skomedal. Det vil seie at det er stuttreist materiale av aller beste kvalitet, med mykje malm og t***e årringa🤩💪🏻. I tilleg til dette hadde byggherren sjølv ein del stokkar som me fekk bruke i prosjektet. 🪵
Fysste etasjen har ein garasje, eit fint inngongsparti, eit soverom, stoge, kjøkken og vaskerom.
Andre etasjen skal være i stav og laft med stolper slik at det kan minne om eit ordetlig «lopt». Denne etasjen vil og ha god plass til soverom og loftstoge😍
Huset skal reisast før ferien, og vert ferdigstilt fortløpande, med god hjelp frå byggherren sjølv.
På bileta under kan du sjå kor langt me har kome med huset til no, og korleis de vert sjåande ut til når det er ferdig. Huset er teikna av Fredrik Åsland i 💪🏻🏠
For dykk som kunne tenkje dykk å sjå huset under bygging er det bare å komme innom, besøket vil sjølvsagt vere inkludera kaffi og ei god røe😉. Det er og bare å komme innom oss denne helga då me har mange andre prosjekter på gong som blant anna gapahukar, bord og benkar og eit par anneks. Oppdateringar på huset kjem!!🏠
✨Håper me sjååast!!✨