Vest Linje AS

Ring Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Vest Linje AS Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Vest Linje AS, Energiselskap, Kviteluren 79, Stord Island.

Då kan me i Vest Linje seie oss godt fornøgde med gjennomføringa av eit spennande kabelprosjekt på Stord!Me var innleigd...
05/09/2026

Då kan me i Vest Linje seie oss godt fornøgde med gjennomføringa av eit spennande kabelprosjekt på Stord!

Me var innleigd av Engelsen Anlegg i samband med legging av høgspentkabel over vatn, utført for Fagne. Vest Linje hadde ansvar for planlegging, koordinering og sjølve kabellegginga, og stilte med nødvendig utstyr for gjennomføringa – blant anna kabelsenkeflåte og blåser.

Totalt vart det lagt to kabelsett over ei strekning på om lag 2,2 kilometer, der kvart kabelsett vog om lag 15 tonn.

Kablane vart buntet saman i trifoil på land, før dei vart fløta ut over vatnet ved hjelp av blåser. Deretter vart kabelen senka kontrollert ned på botnen langs planlagt kabeltrasé.

Løysinga gir oss ein enkel og fleksibel metode for kabellegging over vatn:

✔️ Enkel og effektiv opprigg
✔️ Ikkje behov for store lekterar eller omfattande rigg
✔️ Redusert risiko
✔️ Effektiv og kontrollert utlegging
✔️ Kontrollert nedsenking langs planlagt kabeltrasé

Takk til alle som var med og bidrog til ei trygg og effektiv gjennomføring! 💪🏼⚡️

Dette er definitivt noko me i Vest Linje ønskjer å gjere meir av framover.

PS. Alt utstyr me nytter er flygbart og kan flyges med B3 helikopter 😉🚁

Det har vore hektiske og spanande månader sidan oppstarten av Vest Linje i mars.Sidan då har vi hatt gleda av å arbeide ...
20/07/2026

Det har vore hektiske og spanande månader sidan oppstarten av Vest Linje i mars.

Sidan då har vi hatt gleda av å arbeide for Statnett i samband med ombygginga av Båfalli stasjon, bistått Norconsult med anleggsplanlegging og er no engasjert av Bjerke Nettbygg på bygginga av rørstålmaster på 420 kV Sima–Samnanger ved Langvatnet i Ulvik. Her bidreg vi med både innleigde montørar og anleggsleiar.

Før ferien fekk vi flydd ut alle mastene på prosjektet med Super Puma helikopteret til Airlift, og etter ferien går vi i gang med strekkinga.

Men først ventar eit nytt og spanande oppdrag. Saman med Engelsen anlegg skal vi legge to sett med høgspentkablar over Storavatnet på Stord, ei strekning på om lag 2,2 kilometer. Dette er eit prosjekt vi ser fram til å starte opp med dei neste vekene.

Vi vil takke kundar, samarbeidspartnarar og medarbeidarar for tilliten så langt – og ser fram til ein travel og innhaldsrik haust!

Adresse

Kviteluren 79
Stord Island
5414

Telefon

+4794897434

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vest Linje AS legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vest Linje AS:

Snarveier

Del

Kategori