23/04/2026
Levetidsforlenging handlar også om det som ikkje er synleg
Når ein snakkar om levetidsforlenging offshore i boligmodular, tenkjer mange på nytt inventar, oppgraderte kjøkken, oppgradering av sanitære forhold, betring av arbeidsforhold eller fornying av overflater. Men like viktig er dei tekniske systema som sikrar systemintegritet, tryggleik og stabil drift i kvardagen.
Under ein offshore-inspeksjon vart vi bedne av Equinor om å vurdere å erstatte varmtvassberedarane i bustadkvartera på Heidrun. Dei eksisterande einingane var for store til å fjernast, og nye kunne ikkje bringast inn.
Gjennom ein gjennomførbarheits- og metodestudie presenterer me ei alternativ løysing. Resultatet vart fleire mindre beredarar, betre utnytting av rommet og demontering av dei gamle inne i rommet.
Løysinga gav oppgraderte system, betre tilkomst og HMS – gjennomført utan nedetid på vatn eller hendingar.
Leirvik AS har brei erfaring frå tidlegfase, utvikling og bygging av bustad- og energimodular offshore. Denne kompetansen er viktig i levetidsforlengingsprosjekt, der gjennomførbarheit, materialhandtering og modulbaserte løysingar – kombinert med EPC-kapasitet – gir trygge og effektive løysingar.