14/03/2024
**Velledalen, 14. mars 2024**
**Entreprenørselskapet Hole Maskiner AS melder oppbod**
Det er med stor sorg at styret i Hole Maskiner AS besluttar å melde oppbod.
Hole Maskiner AS har vore ein viktig arbeidsplass for mange i Velledalen og Sykkylven gjennom mange år.
Vi hadde håpa å fortsatt kunne bidra i lokalsamfunnet i fleire år framover, men dessverre blir det ikkje slik. Styret har over lengre tid arbeidd intenst med å identifisere og sette i verk tiltak for å redusere kostnadane og forbetre lønsemda, men trass i desse tiltaka har vi dessverre ikkje lukkast med å oppnå ei bærekraftig drift i ei svært vanskeleg tid for entreprenørbransjen.
Vi vil nytte denne høvet til å uttrykke vår djupaste takksemd til alle våre tilsette for deira innsats og dedikasjon, særleg gjennom denne vanskelege perioden. Deira bidrag har vore uvurderleg i vårt forsøk på å redde selskapet.
Vi vil også takke våre forretningspartnarar og kundar gjennom 77år med drift.
Sjølv om dette er ein trist dag for alle involverte, er vi fast bestemte på å handtere denne situasjonen på ein mest mogleg profesjonell og ansvarleg måte. Vi vil no arbeide tett med bobestyrar for å sikre ei ordna avvikling av selskapet.
**Om Hole Maskiner AS**
Hole Maskiner AS er ein maskinentrepenør lokalisert i hjartet av Velledalen. Selskapet vart etablert i 1947 av Olav P. Hole. I 1955 bestemde brødrene Olav og Paul Hole seg for å slå seg samman og stifta O & P Hole. Dei to brørne var driftige og oppfinnsame, og tydde heilt frå starten til lure løysingar og innovative arbeidsmåtar. Dette er verdiar som har gjort seg gjeldende heilt fram til idag med Hole Maskiner AS.
Porsjekta har våre både mange og varierte. Kraftverk, linjeutbyggingar, hus og hyttetomter, idrettshallar og skular, rundkjøringar og tunellar, næringsbygg og kaier, skitrekk og skytebaner, bygging og restaurering av bruer. Det er tildømes knapt mulig å kjøre nokon plass på Sunnmøre uten at ein kjøyrer på ein veg bygd i samarbeid med Hole Maskiner AS.
Hole Maskiner AS
6220 Straumgjerde
Norman Hole
Daglig leder
91863005