Teknologifestivalen

Teknologifestivalen Teknologifestivalen i Sykkylven, 4.-5. juni 2026! For påfyll, nettverk & utvikling i næringslivet

av Sykkylven Industri- og Næringslag

Korleis ser eigentleg ein arbeidsdag i ei stor bedrift ut?Under tf UNG fekk 9. klassingar besøke Ekornes for å lære meir...
17/06/2026

Korleis ser eigentleg ein arbeidsdag i ei stor bedrift ut?

Under tf UNG fekk 9. klassingar besøke Ekornes for å lære meir om korleis ei bedrift fungerer, og bli kjent med dei mange ulike jobbane som finst - frå produksjon og logistikk til marknadsføring, økonomi og leiing.

Målet er å gi ungdomane innblikk i moglegheitene som finst i arbeidslivet, og kanskje inspirere til framtidige utdannings- og yrkesval.

Som ein del av tf UNG under Teknologifestivalen fekk 9. klassingar besøke Ekornes for å lære meir om korleis ei moderne bedrift fungerer, og kva moglegheiter som finst i arbeidslivet.

Denne veka er det tfUNG i Sykkylven, og mange engasjerte barn og unge har allereie deltatt på varierte aktivitetar og få...
10/06/2026

Denne veka er det tfUNG i Sykkylven, og mange engasjerte barn og unge har allereie deltatt på varierte aktivitetar og fått augene opp for ulike måtar å jobbe med teknologi 😃

Kanskje ser vi også snart tfUNG-teknologifestivalar i andre land? Undervisningsopplegget vart nemlig nyleg presentert på Science on Stage festivalen i Litauen, der mange var nysgjerrige på kva dette gjekk ut på.

– Festivalen vi har vore på, er eit stort arrangement i Europa for å fremje realfag og setje fokus på kvaliteten i undervisninga. Det er ein festival av lærarar for lærarar. Vi fortalde om korleis vi har arbeidd med «Barnas Teknologifestival», og fekk presentere prosjektet ved sida av 200 andre prosjekt frå heile Europa, seier Fløttum.

Kva foregår på tfUNG?
Under festivalen blir det mellom anna analog koding, Lego League, teknologi og naturfag på laboratorium og escape room, fortel Fløttum.

Sjå meir av det som foregår på
https://www.teknologifestivalen.com/tf-ung

Plukka ut som ein av tre til å delta på stor internasjonal festival. Lenke i kommentarfelt 👇

05/06/2026

Administrerande direktør i Møre Trafo, Runar Tandstad var ein av dei som stilte opp til sofaprat med Arne Hjeltnes under Teknologifestivalen. Lenke i kommentarfelt 👇

No var det ungdommen sin tur å få møte Jannicke Mikkelsen😃Ei unik historie som er både til å bli rørt, begeistra og insp...
05/06/2026

No var det ungdommen sin tur å få møte Jannicke Mikkelsen😃
Ei unik historie som er både til å bli rørt, begeistra og inspirert av! Veldig kjekt at så mange fekk glede av å møte ho. Neste veke har barn og ungdom mykje meir å sjå fram til her i Sykkylven, på tfUNG https://www.teknologifestivalen.com/tf-ung

I dag fikk 8. trinnet på Sykkylven ungdomsskule, saman med Stranda ungdomsskule og Vaksenopplæringa, oppleve eit veldig flott foredrag med Noregs første astronaut, Jannicke Mikkelsen. Ei veldig spennande fortelling frå barndommen hennar og fram til i dag. Etter foredraget fikk elevane tatt ein selfie med ho, noko mange av dei ønskte.

Dette var ein del av TeknologifestivalenUNG. I neste veke skal 9. trinnet i aksjon med opplegg for elevar i 3. og 4. klasse. Teknologifestivalen

Revolusjonen som flyr under radaren 👤 Visste du at vi har ein dronefabrikk i Sykkylven?På fredag utforskar vi moglegheit...
02/06/2026

Revolusjonen som flyr under radaren 👤

Visste du at vi har ein dronefabrikk i Sykkylven?
På fredag utforskar vi moglegheitene med droneteknologi, saman med CEO i Griff Aviation, Thomas Klungsøyr 🙌

Med brei internasjonal erfaring innan leiing, finans og teknologi leier han eit av Noregs mest spennande drone- og luftfartsselskap, med kundar og samarbeidspartnarar over heile verda. Frå Sykkylven utviklar og produserer Griff Aviation UAV-plattformer som kombinerer styrke, tryggleik og enkelheit med ingeniørkunst i verdsklasse - med fokus på ei lokal verdikjede.

Framleis ikkje kjøpt billetten din? Klikk deg inn på https://www.teknologifestivalen.com/ for å sikre deg plass i dag!👏

Sparebanken Møre

Programmet for Teknologifestivalen

AKTIVITETAR 🏭 🚤 👨‍💻 Teknologifestivalen er ikkje berre foredrag frå scena. Det er også festivalpub, kveldsarrangement me...
02/06/2026

AKTIVITETAR 🏭 🚤 👨‍💻

Teknologifestivalen er ikkje berre foredrag frå scena. Det er også festivalpub, kveldsarrangement med middag og underhaldning, og fleire ulike aktivitetar - med noko for ein kvar smak!

Du får velje mellom

🔹 Bedriftsbesøk til Orkla Foods

🔹Bedriftsbesøk til Pla-Mek AS

eller

🔹Ribb-tur til Trandal med UTEGUIDEN (eigenandel 1750,-)

🔹Tech tour på Næringsfabrikken, med ein smak av Sunnmøre med Brennevinsgrova/ Nøva

🔹Vibe-koding med Softeria, der du får vibecode din egen app

(ta med eigen laptop og gjerne en app idé)

Kva kunne du tenkt deg å delta på? 😀

Sjå meir og finn din billett på https://www.teknologifestivalen.com/dagsprogram

Bedriftsbesøk til Pla-Mek as er ein av aktivitetane ein kan velje som deltakar på Teknologifestivalen no på torsdag og f...
02/06/2026

Bedriftsbesøk til Pla-Mek as er ein av aktivitetane ein kan velje som deltakar på Teknologifestivalen no på torsdag og fredag.

Pla-Mek er ei spennande bedrift som jobbar spesielt tett på kunden. Dei kan fordel involverast tidleg i prosessen for å bidra til optimalisering av produktdesignet, og kanskje sjå moglegheiter ein ikkje sjølv hadde tenkt på - for så å sette i gang produksjon for kunden.

Interessant? Bli med da vel 😊
Sjå meir og kjøp billett på https://www.teknologifestivalen.com/

Som en del av åpner vi dørene for bedriftsbesøk torsdag 4. juni kl. 14:15.
Her får du innblikk i hvordan vi jobber sammen med kundene våre – og en omvisning i vår robotiserte produksjon.
Alle er velkomne – håper vi sees!

PARALLELLSESJONARI tillegg til mange inspirerande foredrag frå hovudscena får du på fredag moglegheita til å fordjupe de...
01/06/2026

PARALLELLSESJONAR

I tillegg til mange inspirerande foredrag frå hovudscena får du på fredag moglegheita til å fordjupe deg i eitt av tre aktuelle tema gjennom våre parallellsesjonar:

🔹 Alternativ 1: AI i praksis – frå hype til meistring🤖
Med Alfred Øverland frå Innovasjon Noreg.
Få enkle og konkrete køyrereglar som gir vesentleg betre effekt når du brukar AI og språkmodellar i kvardagen.

🔹 Alternativ 2: Kapitalkjelder – og trendar i kapitalmarknaden💰
Med Elisabeth Remøy og Håvar Risnes frå ÅKP.
Kvar finn ein kapital i dagens marknad, og kva trendar bør bedrifter vere merksame på framover?

🔹 Alternativ 3: Vi bygde verktøyet vi sjølve trong🚀
Med gründerane Asbjørn Ebbesvik og Ole-Martin Steinnes frå Prodsync AS, vinnar av Næringsteft 2026. Ei historie om korleis eit internt behov vart til eit produkt – med AI som medspelar på vegen.

Ny innsikt og konkrete verktøy, uansett om du jobbar med leiing, innovasjon, teknologi, forretningsutvikling eller berre er nysgjerrig på kva som rører seg.

Sikre deg billett til Teknologifestivalen i dag – vi gler oss til å samle næringsliv og framtidsbyggjarar frå heile regionen! 🙌
Sjå https://www.teknologifestivalen.com/

Generalsponsor Sparebanken Møre

Vi gratulerar Jannicke Mikkelsen så mykje med årets Peer Gynt-prisen 2026! 👏Dette er ein gjev pris som blir delt ut til ...
29/05/2026

Vi gratulerar Jannicke Mikkelsen så mykje med årets Peer Gynt-prisen 2026! 👏
Dette er ein gjev pris som blir delt ut til personar som har vist samfunnsansvar og sett Noreg på kartet internasjonalt 🇳🇴

Prisen vart offentleggjord denne veka, og Mikkelsen får heideren for arbeidet sitt internasjonalt innan teknologi, film og romfart.

Vi gler oss stort til å møte henne i Sykkylven under Teknologifestivalen neste veke! Så hugs å kjøpe billett mens du kan: https://www.teknologifestivalen.com/

https://www.nrk.no/innlandet/astronaut-jannicke-mikkelsen-er-arets-peer-gynt-2026-1.17901104

For ett år siden ble Jannicke Mikkelsen den første som fløy i verdensrommet med det norske flagget på drakten. Nå er hun stemt frem som Årets Peer Gynt.

Kor sårbar er du når landet ditt er i krig?👤Korleis kan vi forberede oss på ein kvardag vi knapt tør tenke på? På Teknol...
29/05/2026

Kor sårbar er du når landet ditt er i krig?👤
Korleis kan vi forberede oss på ein kvardag vi knapt tør tenke på?

På Teknologifestivalen i Sykkylven 4.-5.juni, får vi høyre erfaringar direkte frå Ukrainsk ekspertise 🇺🇦

Nadia Babych leiar team som implementerer viktige telekominfrastrukturprosjekt over heile Ukraina.
Arbeidet hennar fokusera på å sikre både utvikling og motstandskraft i Ukrainas kommunikasjonsnettverk, frå utrulling av ny teknologi som 5G og satellittforbindelsar, til å oppretthalde nettverksdrift under strømbrudd og krigsforhold.

I løpet av dei siste åra har Ukraina opparbeidd seg unik erfaring med å halde telekominfrastruktur i drift under ekstreme forhold, og Nadia er spesielt engasjert i å dele denne kunnskapen internasjonalt, spesielt innan områder som nettverksmotstandskraft, forenkling av reguleringer og rask infrastrukturutbygging.

Natalia kjem til Teknologifestivalen saman med

Natalia Mishyna, som arbeider i skjæringspunktet mellom forsvarsinnovasjon, cybersikkerhet og beskyttelse av kritisk infrastruktur

og

Mary Prokhorova, som arbeider med cybersikkerhet, digital motstandskraft, modernisering av IT-infrastruktur, private sky- og datasenterløsninger, samt implementering av AI-teknologier i organisasjoner og FoU-prosjekter.

Ei unik moglegheit til å få verdifull innsikt frå eit land i krise.

Teknologifestivalen i Sykkylven - for innsikt, nettverk & konkurransekraft i næringslivet.

Adresse

Sykkylven
6230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Teknologifestivalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Teknologifestivalen:

Snarveier

Del