28/08/2025
🇳🇴28.08. -siste torsdagen i august 2025
Ikkje kort, men på tide med ei «lita» oppdatering om kva me styrer med…
«Fullt hus», les: Alle tilbake etter ferien!
Ole Flatnes har vore driftig, fått ferdigstilt tomta, tilkomst, grøfter og fine natursteinsmurar!
Har gjort klart til at vi denne veka har fått støypt ferdig underlaget til enno eit spesialteikna hus, med god hjelp av Knut Bjarte Busengdal.
So no har vi faktisk 3 oppstartar «etter råkes»👌
Samstundes held vi på med prosjekta i «Mosgeila 9.» og «Øvregeila 14.».
Dei nærmar seg ferdigstilling, snart klart for innflytting.
Volda, (meir tekst i bilda).
I morgon, fredag 29.08 kjem Pretre AS med neste byggjesett, til hus nr to som no har oppstart, rett over helja.
Og vidare er det berre nokre veker, so kjem byggjesett til ein spesialteikna eller meir korrekt, «kundetilpassa» fritidsbustad på knappe 150 m2.
Dette vert oppstart nr 3. etter ferien!
Kor tid vi kjem i gong med oppstart på nr. 4 og 5 etter ferien er ikkje «hogd i stein» enno.
Tove Eidset og Bjørn Ole Vassbotn har i allefall ein del å halde styr på frammetter hausten og vinteren…
(Huset som kom flatpakka i dag, skal være klart til innflytting 31. mars 2026)💪👍🏡, det vil seie, klart til Påske..🐣
Men, det er ikkje noko stor utfordring når du er so heldig å ha alle dei beste med på laget, som alle evnar å drage same lasset på same tid, same vegen,-ja då går det som regel godt!
Takk til seriøse og ansvarsfulle leverandørar!!💪👌👍
So skal vi ha ei ny synfaring komande helg, nokre som vil sjå nærmare på ein leveranse som kanskje kan være høvelig for dei og?
Men, uansett, vi vonar veret held seg, -lengje!
Meir info om framdrifta kjem «frametter»
Ha ein fine dag!