03/04/2026
"Eg hadde ikkje peiling på kva dette var, då eg begynte som lærling."
Du treng ikkje ha full oversikt frå dag éin. I Dimo er lærekurva bratt, men tilpassa. Dessutan er du tett på gode kollegaer med høg kompetanse og stor interesse for faget.
Adler starta sjølv som lærling i Dimo, og arbeider no som automatikar i serviceavdelinga. Bli med når han deler sine beste tips frå ei vellukka læretid.
Kunne du tenke deg å bli lærling i Dimo?
Send din søknad til [email protected]
Vi tek inn lærlingar i automatikarfaget og industrimekanikarfaget, og behandlar søknadar fortløpande.
🎬 Nanseth Media